Litteraturkveld om Inger Hagerup. Tysdag 9. april, kl. 19.

Litteraturkveld om Inger Hagerup. Tysdag 9. april, kl. 19.

Ein variert kveld med forteljing, diktlesing og musikk.

Hallgerd Conradi fortel om Inger Hagerup sitt liv og om dikta og bøkene hennar. Arnljot Grimstad skal mellom anna seie fram det mektige diktet Aust-Vågøy, skrive etter krigsutbrotet  9.april 1940 og  represaliane  etter Svolværraidet. Inger Hagerup er allsidig, og Grimstad held fram med nokre av dei erotiske dikta hennar og fleire små barnerim.

Ingrid Nerhoel syng nokre av dikta som er tonesette. "Våre små søsken" og "Sommarøya" er to av desse.

Gunn Berit Gjerde er programleiar og arrangør ilag med biblioteket.

Arrangement er gratis, men vi veit der ein innsamlingsaksjon på gang for å kjøpe lydanlegg til biblioteket for å gi god lyd.  Det blir svært tungvint for arrangørar av tilstellingar å låne utstyr på bygda heile tida. Dette kan vipsast til 97095026, Odd Goksøyr sitt vippsnummer. 

Det brukar å vere stappfulle hus på desse arrangementa, så det kan løne seg å kome tidleg om du vil sikre deg god sitjeplass. 

 Velkomen.