Litteraturkveld om Sigrid Undset og Kristin Lavransdatter. Tysdag 12. mars, kl. 19

Litteraturkveld om Sigrid Undset og Kristin Lavransdatter. Tysdag 12. mars, kl. 19

Dette vert ein variert kveld med forteljing, opplesing og musikk.

Liv Osnes, Dalbakken, Lindis Eliassen, Ole Øyehol, Anton Tones, Robert Skeide - Klikk for stort bilete

Liv Osnes Dalbakken fortel om Sigrid Undset sitt liv og hennar dikting med vekt på storverket Kristin Lavransdotter.
Lindis Eliassen les utdrag frå bøkene.
Ole Martin Øyehol framfører både nasjonalromantiske songar og middelalderballader som er knytt til Sigrid Undset. Han blir akkompagnert av Anton Tonev og Robert Skeide.

Arrangementet er gratis, men vi veit der er ein innsamlingsaksjon på gong i regi av private for å kjøpe inn eit lydanlegg til biblioteket.  Om du ynskjer å støtte, er det kjærkome med eit beløp til Odd Goksøyr sitt telefonnummer: 97095026

Du kan sjølvsagt berre gi eit bidrag, men kjem du innom biblioteket har Odd G lagt igjen nokre eksemplar av Glimt av opphav - Glims o Origin, 40 dikt av Christine De Luca, og novellesamlinga hans aljamarkiR som du kan ta med deg mot å gi 200/150 til denne innsamlinga. Merk vippsen lydanlegg biblioteket".

VELKOMEN!

NB! Biblioteket har teleslynge.