Litteraturkveld tysdag 10. mars, kl. 19: Hans Børli ved Oddbjørg Vartdal

Litteraturkveld tysdag 10. mars, kl. 19: Hans Børli ved Oddbjørg Vartdal

Oddbjørg Vartdal fortel om diktaren Hans Børli. Ole Martin Øyehol står for musikalske innslag.

Oddbjørg Vartdal frå Flø har valt seg Hans Børli som sin diktar. Ho er fasinert av lyrikken hans som har utgangspunkt i naturen og skilnaden mellom rik og fattig. Ho fortel om liv og lyrikk.


Sjølv om Børli vaks opp og arbeidde i dei store skogar i Innlandet, er naturinntrykka mykje av dei same som Oddbjørg Vartdal har opplevd i Vartdalsfjella.

Ole Martin Øyehol som er godt kjend i distriktet for sine musikalske tolkingar har tonesett nokre av Børli sine dikt som han vil framføre.
Programleiar er Gunn Berit Gjerde.

VELKOMEN!