Morsmålsdagen med høgtlesing på fleire språk

Morsmålsdagen med høgtlesing på fleire språk

MORSMÅLSDAGEN 21. februar vart markert på biblioteket med eventyrstund på tre språk.

Manal (frå Syria) las på arabisk, Venezia (frå Sri Lanka) på tamil og Jana (dottera til Manal) las på norsk. 

Alle tre las "Bukkane Bruse" og vi takkar så mykje fort at de stilte opp.

Biblioteket har bøker på mange språk. Faste språk i samlinga er bøker på arabisk, engelsk, fransk, polsk, spansk, tamil, tysk og ukrainsk. 

Vi har også litt barnebøker på samisk, somali, tigrinja, tyrkisk og urdu, men kan skaffe deg bøker på 97 ulike språk!

Sjå her https://bibliotekutvikling.no/dfb/sprak/