Purring frå biblioteket

Purring frå biblioteket

Her finn du informasjon om purringar frå biblioteket.

Purring på e-post får du frå e-postadressa noreply@hushbib.no.

Purring på sms får du frå hushbib.

HUSHbiblioteka er biblioteka i Hareid, Ulstein, Herøy og Sande. Vi har ein felles bibliotekkatalog og kallar oss HUSHbib.

Når du får purringar frå oss ser du ikkje kva for eit bibliotek av oss fire som du har lånt boka i frå. Uansett kan du levere inn boka på det biblioteket som passar deg best!

Ved purringar på sms vil du ikkje sjå tittelen på bøkene som vi purrar, berre eit tal på kor mange bøker du har uteståande. Difor er det best at du registrerer e-posten din. Det kan du gjere ved å logge deg inn på Bibliotekkortet.no med Bank-id eller ta kontakt med biblioteket.

Kan vi ha feil e-post på deg? Ver venleg å sjekk opp det. Du ser kva e-post vi har registrert på deg ved å logge deg inn på Cicero Surf. Innlogging til Cicero Surf finn du heilt oppe til venstre inne på CiceroSurf-sida. Du loggar deg inn med lånenummer og pinkode.

På Cicero Surf finn du elles også biblioteket si samling. Du ser kva du har lånt og kan også reservere bøker der. 

Hugs at lånetid på bøker er fire veker.

Lånetid på tidsskrift og serieromanar er to veker.

Etter at du har fått tre purringar går låna til erstatningskrav.