Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid arrangerer foredrag av Magnus Takvam torsdag 15. oktober, kl. 13

Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid arrangerer foredrag av Magnus Takvam torsdag 15. oktober, kl. 13

No kjem ein av Norges beste politiske kommentatorar til Senioruniversitetet i Ulstein og Hareid for å fortelje om det å vere tett på makta i førti år. Det skjer på Hareid folkebibliotek under Hareidstemna torsdag 15. oktober kl 13.

«Tett på makta» gjennom fire ti-år.

NRK-profil Magnus Takvam har arbeidd som politisk kommentator med dagleg gange i Stortinget sidan 80-tallet.

Magnus Takvam tok til som politisk kommentator i ei tid då Berlinmuren nettopp hadde falle, og Europa var prega av tru på framtida og optimisme. Da han slutta i NRK i 2022 hadde Russland nettopp gå til angrep på Ukraina.

Etter NRK-tida har Takvam heldt fram som politisk kommentator på nettstaden Alltinget - ei plattform med reindyrka politisk journalistikk.

Med bakgrunn i framlegget til statsbudsjett som kjem for nokre få dagar sidan tek Takvam oss med bak kulissane i norsk politikk, og fortel om korleis politikken og politikarane har endra karakter på dei førti åra han har vandra i korridorane på Stortinget.

Foredraget kjem altså berre få dagar etter at Stortinget igjen har drage på seg offentleg merksemda gjennom høyringane om utanrikstenesta si rolle knytt til dei såkalla «Epstein-avsløringane». Ei historisk hending på Løvebakken var det elles då kong Haakon for nokre dagar sidan for første gong stod for den offisielle opninga av Stortinget som konge. Då Takvam begynte som politisk kommentator var det kong Olav som stod for dette.

Dette er både ei personlig forteljing og eit spanande innblikk i politiske prosessar som har endra samfunnet, med klartenkte analyser av tillitskrisa mellom folk og folkevalde, og av det intrigante samspelet mellom politikk og media.

Ope for alle.

Gratis inngang.

VELKOMEN!