September har kome og SOMMARLES er over for i år...

September har kome og SOMMARLES er over for i år...

Lesekampanjen har no vore arrangert i Hareid kommune i heile 21 år og i år las barna på Hareid 3400 bøker i løpet av sommaren.

Mange med god hjelp av engasjerte føresette, barnehagelærarar og lærarar.

Nytt for i år var at i staden for sider lese, så skulle minutter lese registrerast. Ikkje alle har vore glad for det.

No ligg der ei spørjeundersøking ute på Sommarlessida. Lenke til den anonyme undersøkinga finn du også her: innspill.sommerles.no/963192

Bileta her viser dei mest populære Sommarlesbøkene på landsbasis fordelt på klassetrinn.

Hugs at det ikkje er for seint å hente uavhenta premiar på biblioteket. Dei kan hentast i heile september.