Fyrst vil vi takke Augusto så mykje for den gode frivillige innsatsen han har gjort!
Vi veit at her framleis er folk som ynskjer å møtast for å spele og lære meir sjakk. Difor håper vi sjakktreffa kan halde fram. Er det nokon som har lyst til å ta over etter Augusto og halde litt styr på sjakktreffa, ynskje nykommarar velkomen mm?
Sjakktreffa har vore onsdagar kl. 16-18, men om det er interesse for det kan tidspunktet endrast.
Alle små og store som vil møtast onsdagar mellom 16-18 må berre møte opp på biblioteket enn så lenge. Så får vi håpe at vi får på plass eit opplegg slik at vi kan legge ut treffa som eigne arrangement der det er garantert at nokon tek litt styring.
Melder du deg?
Ta kontakt med biblioteket.
Er her kanskje nokon på Hareid som er med i Volda Ørsta Sjakklag som kunne tenkje seg å vere med på dette?