"Til oss fra de eldste", Astrid Overaa. Onsdag 28. februar, kl. 18

"Til oss fra de eldste", Astrid Overaa. Onsdag 28. februar, kl. 18

Bli med Astrid Overaa på ei forteljing om livet og alt vi må gjere før vi trur det er for seint. Framsyninga er ei bridgeblanding av song og musikk, latter og ettertanke. Historiene er henta frå Linn Skåber si populære bok Til oss – fra de eldste, og Astrid sine eigne betraktninger om å eldast

“Dei gamle bør vere meir med dei yngre, slik at dei yngre blir betre yngre, og dei gamle betre gamle”.

Astrid Overaa - Klikk for stort bileteAstrid Overaa Teatret Vårt

I framsyninga får vi høyre ulike historier frå levde liv. Nokon saknar ein å sitje på verandaen med og drikke Irish Coffee, og mange lengtar etter vener og familiemedlemmar som har gått bort. Nokre har byrja å gløyme, medan andre finn kjærleiken i godt voksen alder. Om dei tør, då. Og nokon ønskjer seg rett og slett ei bruksrettleiing, frå Claes Ohlson eller Gud eller kven som helst som har det, på korleis leva som gammal.

“Å sjå seg i spegelen er ei overrasking kvar dag. Man forventar å sjå seg sjølv, og så kiker ei ukjend gammal dame på deg”.

Astrid Overaa og Linn Skåber har jobba tett saman i mange år, mellom anna med Linn som tekstforfattar for suksessframsyninga S - M - XL. For nokre år sidan fabulerte dei saman rundt livet, døden, kjærligheten - og kommande prosjekt. Etter dette har Linn utgjeve fleire bøker, kor den nyaste er «Til oss - fra de eldste». «Eg ELSKER bøkene til Linn Skåber! Og no er eg så heldig at eg får gjere nokre av tekstane hennar til mine», seier Astrid.

“Tenk korleis nokre tilfeldige møte med menneske på ein fest i 40-åra kan bli det du gledar deg mest til på ein vanleg torsdag ettermiddag i 80-åra”.

Framsyninga er gratis og passar for gamle og unge – og gjerne gamle og unge saman.
Arrangementet varar ca. 1 time.

Det er lurt å vere tidleg ute for å sikre seg sitjeplass.

Ber om at de nyttar parkering på Coop-taket eller gateparkering. Ver vennleg å ikkje parker utanfor butikkane.

Arrangement gjennom " Den kulturelle spaserstokk".