Tonar og ord i ei verd som treng oss. Tysdag 4.februar, kl. 19.00

Tonar og ord i ei verd som treng oss. Tysdag 4.februar, kl. 19.00

Hjarteleg velkomne til ein kveld med mykje fin variert song og musikk. Eit arrangement ved Ingmar Mork.

Her blir det noko for einkvar smak. Det blir songar av bl.a. Odd Nordstoga, Sigvart Dagsland, Coldplay, Michael Buble, Gregory Porter, Susanne Sundfør, Secret Garden, Vikingarna og Kim Larsen. 

Songane er arrangert til oss av Øyvind Nordstrand. 

Magne Grimstad vil presentere og lese litt frå si eiga bok "verda treng oss" og fortel om korleis han har funne livslyst og optimisme gjennom desse store utfordringane. Der også musikk er ein svært viktig del for Magne. Han vil også framføre ein eigenkomponert song. 

Vi har også med oss to jenter som er i starten på ungdommen. Den eine vil synge ein song og den andre spele litt saksofon ilag med oss. 

Dei som er med: Vibeke Holstad vokal, Ingmar Mork vokal, Øystein Djupvik bass og kontrabass, Bertel Tødenes trommer og perkusjon, Ida Teige piano, Hege Holstad fløyte, Magne Grimstad lesing/fortelling/song, Lilly Brandal saksofon og Myrthel Husøy Mork vokal. 

Lyd av Huslyd ved Nils Ertesvåg. 

Billett kroner 150,-. kan kjøpast på førehand til vippsnummer 859851 eller ved inngangen vipps eller kontant. 

Under 16 år er gratis. 

Billettinntektene vil gå til å dekke utgiftene av konserten. Eit eventuelt overskot etter konserten vil gå til Hareid folkebibliotek.