Ubetent bibliotek onsdag 24. september
Dei bibliotektilsette er på kurs i Ålesund, MEN takka vere Hareid folkebiblioteks vener vil biblioteket likevel halde ope med vanlege opningstider.
Medlemmar av vennegruppa vil sitje i biblioteket i heile opningstida.
Lurer du på kva Hareid folkebiblioteks vener er?
- Foreninga hjelper til og støttar opp om aktivitetar i regi av Hareid folkebibliotek.
- All innsats er basert på frivilligheit.
- Sjå fullstendige retningslinjer for Hareid folkebiblioteks vener her.
Ynskjer du å bli med i Hareid folkebiblioteks vener?
Ta kontakt med leiar i veneforeninga, Ann Mari Harkjerr, skriv deg på liste i biblioteket eller ta kontakt med biblioteket.

Styret i Hareid folkebiblioteks vener er:
Styret sin leiar:
Ann Mari Harkjerr
Styremedlem:
Berit Ulfset
Styremedlem:
Inger Greibrokk Bjåstad