
Forestillinga kombinerer humor, personlege historier og djupe refleksjonar over livet med kreft. Magne og Åge, som begge har kjempa mot kreft og fortsatt kjempar, delar sine opplevingar og viser korleis dei har funne styrke og livslyst gjennom utfordringane.
Forestillinga bygger på den dei framførte fyrst i fjor vår i Ulsteinvik. Då skreiv lokalavisa mellom anna:
"Både Åge og Magne er særs taleføre. Det kan vere lett å miste motet når ein har ein slik fæl sjukdom som råkar ein på nytt og på nytt. Men det har ikkje desse to karane gjort. Det vart framført fleire flotte songar denne kvelden. Me fekk høyre den dramatiske historia om korleis dei mista mor si, men det var også ein barndom full av mykje samhald og glede. Dei fortalde nakent og ærleg om korleis det er å leve med kreft." (Vikebladet 5. april 2024). I tillegg kom NRK Møre og Romsdal og laga forskjellige innslag for radioen og eit for TV som også vart vist på «Norge i dag».
Tvillingane har satt eit hårete mål om å samle inn ikkje mindre enn 1,2 millionar kroner til å støtte kreftforskinga og hjelp til kreftpasientar.
Det vert fleire musikkinnslag under forestillinga og Magne og Åge har med seg musikarane Peter Demirov, piano, Kristian V. Steinsvik, bass, Judit Grimstad, song, i tillegg til at dei sjølve trakterer gitar og perkusjon.
Forestillinga og lokalturneen dei no er ute på er støtta av Sparebanken Møre, Sparebank1 og Sparebanken Vest.
Mykje av innhaldet i forestillinga er henta frå boka «Verda treng oss» som Magne har skrive. Det blir høve til å kjøpe boka.
Forestillinga er gratis.
VELKOMEN
Se mindre