Litteraturkveld med Oddgeir Bruaset. Tysdag 9. desember, kl. 19.00

Litteraturkveld med Oddgeir Bruaset. Tysdag 9. desember, kl. 19.00

For fyrste gong fortel Bruaset om sitt eige liv; “Vegen som vart min-”.

Oddgeir Bruaset har kome med ny bok til jul. Han har alltid hatt intervjuobjekta sine i fokus, men no har han, for fyrste gong, skrive om sitt eige liv: om oppveksten i Romsdalen, om arbeidet sitt og møte med menneske på vegen som vart hans.

Arild Grimstad og Ingrid Nerhoel har leita fram songar som dei meiner passsar til Bruaset og livet hans.

Programleiar: Gunn Berit Gjerde

Eit arrangement av Hareid folkebiblioteks vener

VELKOMEN!