Snart er det Sommarles!

Snart er det Sommarles!

Alle born som går i 1. - 7. klasse kan vere med på Sommarles. Dette inkluderer dei som skal byrje i 1. klasse etter ferien, samt dei som fullfører 7. klasse no. Sommarles varar frå 1. juni - ut august.

 

Sommarles er ein nasjonal lesekampanje som gjer lesing ekstra kjekt i sommarferien. På sommarles.no kan barna frå 1. juni lage ein profil saman med ein vaksen og registrere lesing gjennom sommaren. Dersom ein har vore med tidlegare skal ein logge inn med den same brukaren som ein nytta i fjor.

Nytt av året er at borna samlar poeng etter kor mykje tid dei brukar på lesing. Når dei går opp i nivå, kan dei hente premiar på biblioteket.

Barna får poeng når dei:

  • Les sjølv
  • Les saman med andre
  • Høyrer lydbok eller vert lese for