FilmBib

FilmBib

Alle med Bibliotekkortet (nasjonalt lånekort) kan sjå kort- og dokumentarfilm gratis gjennom strømmetenesta Filmbib.

Du loggar deg inn med lånenummer og PIN-kode. Ordningen administrerast av Norsk filminstitutt på oppdrag frå Kulturdepartementet og er oppretta for å bidra til bredde og kvalitet i filmtilbodet, for vaksne og barn, og stimulere filmkulturen i Norge.

Om du ikkje har det enno, så opprettar du Bibliotekkortet digitalt her.

Lærarar kan bruke filmane i undervisning. NFI har i samarbeid med NDLA (Nasjonal digital læringsarena) valt ut filmar som egner seg spesielt godt til i undervisning i vidaregående skular. Lenke og opplegg til desse filmane finn du i kategorien "Lær med film."Det er ikkje mogleg å lage ei felles innlogging for heile skulen. Kvar einskild lærar må ha eige lånekort for å logge inn på Filmbib