Erlend Friestad
Ein slik situasjon vil gjere det vanskeleg for innbyggarane å skaffe seg informasjon om kva som har skjedd og kva som skjer vidare. Det vil også vere vanskeleg å kommunisere med andre.
På informasjonspunktet vil kommunen dele informasjon frå overordna styresmakter og leverandørar om årsaka til bortfallet. Det vil også bli gitt informasjon om korleis kommunen organiserer tenestene medan mobilnettet og internett er nede, og om kva innbyggjarane bør gjere i situasjonen.
- Adressa til helsehuset er Kjøpmannsgata 16.
- Du kan bruke inngangen under halvtaket mot Eurospar.
- Følg skilting på staden.
Opningstidene vil variere etter situasjonen. Som eit minimum vil kommunen setje opp plakatar på staden med informasjon om kva som har skjedd, når informasjonspunktet er ope, og når neste oppdatering kjem.
Ein vanleg årsak til at mobil- og internett forsvinn, er straumbrot. Viss straumen går har mobilmastane naudstraum i fire timar. Dersom straumen går, og det er varsla at straumbrotet kan vare lenge, bør du førebu deg på at mobilnettet går ned. Mobil og internett kan også forsvinne utan «forvarsel».
Onsdag 28. oktober 2026 skal kommunen øve på å opprette informasjonspunktet. Innbyggjarane kan besøkje øvinga mellom klokka 16 og 19 og vere med på å teste korleis ordninga fungerer. Alle som kjem innom, blir med i trekninga av eigenberedskapsutstyr. Fleire beredskapsaktørar vil vere til stades slik at innbyggarar kan stille spørsmål og bli betre kjend med kva oppgåver dei har i beredskapen.