Kva skjer?

Kva skjer?

Alle arrangement på biblioteket vil du alltid finne på framsida her her på heimesida.  I tillegg publiserast alle arrangement på facebooksida vår og oftast også på facebook-sida Det  skjer i Hareid.

Vil du hjelpe oss?

Vi treng hjelp til å skape aktivitetar på biblioteket. Sit du inne med idear for arrangement eller tankar om noko du kunne tenkt deg å gjere saman med andre og kanskje også har lyst til å bidra, så ikkje nøl med å ta kontakt! 

Det kan vere alt frå sjakkveldar, brettspillkveld, bokprat, filmkveld, diskusjonsarena, kurs, høgtlesing, klesbyttedag...  

Har du lyst til å starte noko her i lokala som bidreg til samhald i bygda, så hadde det vore supert!

Biblioteklokala er her for deg!

   

Artikkelliste