Ordensreglar / Om biblioteket

Ordensreglar / Om biblioteket

Ordensreglar

Alle som besøker Hareid folkebibliotek skal oppleve at biblioteket er ein god og trygg stad å vere.

  • Besøkande må opptre i samsvar med god folkeskikk og norsk lov.
  • Støy, sjikane, hærverk og bruk av open eld er ikkje tillate.
  • Det er ikkje tillate å ete og drikke i biblioteket.
  • Rydd opp etter deg!
  • Hugs å låne det du vil ha med heim.
  • Det er ikkje lov å vere påverka eller nytte rusmidlar på biblioteket.

Alvorlege eller gjentatte brot på ordensreglane kan føre til utestenging for ei lengre periode og lovbrot fører til melding til politiet.

 

................................................................................................................................................

I mai 2021 flytta biblioteket inn i nye, flotte lokaler, i Hareid Helsehus etter å ha vore i Rådhuset på Hareid i snart 30 år. 

Du når oss på telefon 70095095 og e-post biblioteket@hareid.kommune.no

 

Erlend Friestad

 

 

Biblioteket er eit ledd i eit større biblioteknettverk som gjer det mogeleg for deg å låne frå andre folkebibliotek, fylkesbibliotek og fag- og forskningsbibliotek over heile landet. Vidare har Hareid folkebibliotek eit interkommunalt biblioteksamarbeid med folkebiblioteka i Ulstein, Herøy og Sande kommunar. Dette tette samarbeidet gjer at du som lånar har eit bibliotek på over 100 000 media å søke i når du leitar etter stoff i vår bibliotekkatalog. To dagar i veka kjem Norsk Bibliotektransport sin budbil innom Hareid folkebibliotek med bøker og andre media som folk på Hareid har bestilt frå andre bibliotek nært og fjernt.      

Det har vore bibliotek på Hareid heilt sidan 1833. Den gong heitte biblioteket riktignok bogsamling. Denne var plassert i prestestova og utlånet gjekk føre seg preikesøndagane etter gudstenesta. Til 150-årsjubileet i 1983 skreiv Johan E. Hareide boka "Eit attersyn ved 150-årsminnet", i samarbeid med bibliotekleiar Anne Marie Hareide. Opplysningane i denne vesle historiske oversikta er teke frå den boka. 

  • Hareid folkebibliotek si historie startar altså heilt tilbake på 1830-talet. Ulike kjelder kjem med ulike år på det nøyaktige skipingsåret. Det spenner i frå 1830-1833, men styret i frå 100-årsjubileet i 1933, fann det rettast ut i frå fleire historiske kjelder å sjå på 1833 som skipingsår. Ulfstens prestegjeld oppretta då to Almueleseselskaper, ett i Ulstein og ett i Hareid sogn. Det vart beslutta at "enhver gaardbruger og de pladsmænd, hvis  kaar ei maatte være altfor ringe erlægger til bogsamlingen en aarlig kontigent av 4 skilling. Ulstein formannskap mente den gang at "et udvalg af gode, hensigtmæssige og nyttige bøger vilde bidrage til oplysningens fremme og have indflytele paa almuens timelige og aandelige velvære". Den fyrste ordføraren i Ulstein kommune, A. Winsnes, hadde vore sokneprest sidan 1826 og var ein ihuga opplysningsmann. Han har mykje av æra for at Ulstein og Hareid så tidleg fekk ei boksamling.  Winsnes vart kalla "fireskillingspresten", som ikkje var eit negativt kallenamn, men heller ei benemning på ein klok mann som fekk bygdefolket til å betale denne årlege ekstra skatten for å kjøpe inn bøker til boksamlinga.    
  • Den fyrste bogsamlinga var i prestestova (den som står der den dag i dag, men som er flytta i frå der den oppbrinnleg stod) på Hareid og berre dei som betalte den årlege skatten på 4 skilling fekk låne bøker i frå samlinga, og som nemnd berre etter søndagsgudstenesta. Det var soknepresten som stod for utlånet. Ordninga med Almuelæseselkabet nådde berre eit fåtal av bygdefolket og i 1841 vart det i kommunestyret gjort vedtak om ei ny utlånsordning. No skulle bøkene lånast ut til prestegjeldet sine 5 skoledistrikt med ein oppsynsmann over bøkene i kvart distrikt. I 1851 vart boksamlinga heitande "laanebibliothek", ein "bibliothekar" skulle ha ansvaret og utlånet skulle utvidast i prestestova. Ved Hareid kyrke vart Knut G. Hareid utpeika til bibliotekar.  Det er uvisst om dette var ei frivillig teneste frå hannar side. I 1876 får Hareid ny kyrkje med plass til boksamlinga og utlån i forgangen til galleriet og frå 1880 får biblioteket både statstilskot og kommunal støtte som også innebar bibliotekarløn. I året 1899 skjer det ei endring som er verdt å merkje seg.  Frå då er ikkje lengre presten med på bokutvalsmøta. Dette ansvaret er det no lærarar som har. Etter som åra gjekk vart det merkbart at romet i kyrkja ikkje høvde til sitt føremål og i 1933 vart eit rom i Heradshuset innreia til bibliotek.