Personvern / GDPR

Personvern / GDPR

Hareid folkebiblioteket behandlar personopplysningar i samsvar med personopplysningslova og GDPR – EU si personvernforordning.

For å få lånekort ved Hareid folkebibliotek treng vi opplysningar om namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse. Dette for å kunne administrere utlån og for at du skal kunne nytte biblioteket sine digitale tenester. Samtykke til å ta vare på desse opplysningane blir gjeve når du registrerar deg som lånar hos oss.

Opplysningane vert registrert i biblioteket sitt datasystem Mikromarc og brukast ikkje til andre formål enn å administrere utlån/fjernlån, bruk av trådlaust nett, bruk av biblioteket sine digitale tenester (som til dømes BookBites og FilmBib), samt samle statistikk over bruken av biblioteket (statistikken er generell, ikkje knytta til enkeltpersonar).

 Personnummer treng vi for å unngå dobbeltregistrering i det nasjonale låneregisteret, men dette vert ikkje lagra lokalt. Du kan velje å berre vere registrert som lokal lånar. Då treng du ikkje å gje opp personnummer.

Biblioteket sine tilsette har teieplikt, og gir ikkje ut informasjon om lånarar eller kva dei lånar til uvedkomande, verken andre lånarar, andre tilsette i kommunen, politi eller andre som utøvar mynde. Vi kan heller ikke få greie på kva ein låner har lånt hos andre bibliotek.
 

  • Innsyn: Du som lånar kan sjølv logge deg inn på biblioteket si heimeside og sjå kva  opplysningar vi har registrert på deg eller du kan be om å få sjå informasjonen på biblioteket.
     
  • Utlånshistorikk: Utlånshistorikken, kva du som lånar har lånt, kan ikkje takast vare på med mindre du har gitt samtykke spesielt om det. Du kan til ei kvar tid trekke tilbake samtykket, ved å kontakte biblioteket. 

Du kan be om at opplysningar om deg i låneregisteret vert sletta.