Ha lånekortet på mobilen din

Du treng ikkje å ha med lånekortet ditt om du har lagra det på mobilen. Då nyttar du mobilen når du skal låne i utlånsautomatane. Følg rettleiinga under:

  1. Gå inn på biblioteket sin webapp.
  2. Gå på «Meg & Mitt» og logg inn med brukarnamn (lånenummer eller registrert e-postadresse) og din 4-sifra pinkode (trykk «Gløymt pinkode» eller kontakt biblioteket dersom du ikkje har pinkoden ). OBS! E-postadressa di må vere registrert på biblioteket dersom du skal få koden tilsendt automatisk.
  3. Når du trykker på «Lånekort», får du opp lånekortnummeret og strekkode som kan erstatte fysisk lånekort. Dette kan du legge til på startskjermen på telefonen din.
  4. Får du problem, ta kontakt med oss på biblioteket!