Oversikt over borna dine sine lån

Oversikt over borna dine sine lån

Born opp til og med 15 år kan koplast opp mot føresette. Når føresette loggar seg inn på Meg & Mitt her på biblioteket si heimeside får dei då oversikt over borna sine lån.  Her kan dei då også forlenga låna til borna.  Purringar på borna sine lån vil også gå til føresette.

  • Både borna og den føresette må vere registrert som lånar.
  • Det må vere registrert ein PIN-kode på bornet sitt lånekort.

Ta kontakt med biblioteket dersom du ynskjer dette.