Transporttenesta for forflyttningshemma - TT kortTransporttenesta er eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttningshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Transporttenesta kan vere til hjelp slik at dei kan få høve til å delta i aktivitetar i nærmiljøet.TT-ordninga er ikkje ein lovfesta rett, men eit velferdsgode som fylkeskommunen tilbyr innbyggjarane. Fylkeskommune vedtek beløpet som skal brukast, og korleis TT-ordninga skal organiserast.Grunna overgang til nye retningsliner vert det ikkje tatt inn nye brukarar i TT-ordninga frå og med november 2023 og ut 2024.Nye retningsliner frå 2025Møre og Romsdal fylkeskommune har vedtatt nye retningsliner som vil tre i kraft 1. januar 2025. I vedtaket står det at alle som har TT-kort idag må søkje på nytt i 2024 for å bli med i ordninga frå og med 2025. Frist for å søkje på nytt vil vere 1. oktober 2024. Søknadsskjema vil bli tilgjengeleg i løpet av 2024.Meir informasjon om dei nye retningslinene og søknadsprosessen kjem. Elektronisk kortKortet blir fylt opp 2 gonger i året; 1. januar og 1. juli. Saldo på kortet vert nullstilt 1.januar. Kortet skal brukast som heil eller delbetaling for TT-transport med drosjer og vil fungere som eit vanleg kredittkort som blir brukt i taksameteret.Ved hjelp av det elektroniske systemet kan fylkeskommunen drifte TT-ordninga på ein betre måte. Systemet gjev betre oversikt og unngår overforbruk. Det er Rogaland Taxi AS på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune driv ordninga. HandsamingSøknadane vert handsama fortløpande. Klagefristen er 3 vekerKlagen skal stilast til Helse- og sosialsektoren og vil bli handsama i Drosjebongnemnda. Opprettheld Drosjebongnemnda vedtaket, vert saka oversendt kommunen sitt klageorgan; formannskapet for endeleg avgjerd.