Melding til brannvesenet ved overnatting på skuler, forsamlingsloka, kyrkjer m. fl.

logo Hareid og Ulstein brannvesen (Hareid og Ulstein brannvesen) - Klikk for stort bilete

Hareid og Ulstein brannvesen har laga eit skjema som skal brukast ved overnatting i bygg som normalt ikkje vert brukt til dette formålet.

 

 

 

Før har det vore nok med ein telefon eller ein e-post kort tid før overnattinga. Brannvesenet har sett at dette ikkje alltid har fungert.

Vi har hatt utrykkingar til bygg som brannvesenet har trudd har vore tome, men så har der vore overnatting grunna eit idrettsarrangement eller kultursamling. Brannvesenet har også fått vite om overnattingar i etterkant av arrangement. Hareid og Ulstein er avhengig av å få informasjon om overnattingar i slike bygg for å kunne betre planleggje innsats ved ein brann. Det kan i yste konsekvens vere livreddande.

Skjemaet er enkelt å fylle ut og kan sendast både elektronisk og per post. Skjemaet skal vere hjå Hareid og Ulstein brannvesen sju dagar før overnattinga finn stad. Vi ber og om at skjemaet blir vidareformidle til andre om bygninga blir leigd ut til arrangørar som skal ha overnatting.

Vert bygg leigd ut til større arrangement skal arrangør av dette sende stadleg brannvesen melding om arrangement, jf. brann og eksplosjonsvernloven § 7.

Publisert av Live Gandborg. Sist endra 31.01.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering