Opplev Hareid sin visjonen er å støtte utvikling av eit breitt tilbod av opplevingar og aktivitetar i Hareid kommune.
Vi trur det vil vere eit viktig bidrag til å gjere Hareid til ein attraktiv stad å bu og virke – og også besøkje. Vi håper at vi kan bidra til skape samhald, engasjement, identitetskjensle og ei stoltheit til bygda vår.
Styret er samansett av personar med ulik kompetanse og erfaring frå kommunen, næringslivet og frivilligheita og består av:
Melinda Skeide, Johannes Christian Riise, Jeanette Teigene, Kim Lillebø og Larysa Pharkomenko.
Vi gler oss til å presentere alt den gode aktiviteten i Hareid kommune.
Du er velkomen til å oppleve Hareid!