Hareid er 5-minuttsbygda

Hareid er 5-minuttsbygda

Frå Hareid er det kort veg til alt du treng i kvardagen, og meir til.

Dronefoto av Hareid sentrum retning ytre. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

24. november 2025 kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Johannes Alme om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Har du funne ut kva tomt du vil ha, kan du melde det inn via dette skjemaet.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.

15-minutts-byen, er byplanleggarane sin ferske draum. Storbyar verden over prøver å gi innbyggarane det dei treng ­i kvardagen berre nokre minutt i gåavstand frå der dei bur.

Hareid vil aldri bli ein ­15-minutts-by, men 5-minuttsbygda det er vi, rett nok ved hjelp av bil innimellom.

Likar du å gå i fjellet? Stien opp er berre fem minutt unna!

Treng du å handle? Du kjem deg til butikken på fem minutt!

Er det du som leverer i barnehage? Fem minutt, så er du der!

Går ungane på skule? Det held at dei kjem seg ut døra fem på skulestart!

Skal du trene? Dørstokkmila er mykje kortare når treningssenter og idrettsanlegg er fem minutt unna!

Glad i kort veg til jobb? Fem minutt er innan rekkevidde!

Er du ein strandløve? Fem minutt, så kan du leggje på svøm frå det vi meiner er beste stranda på Sunnmøre!

(Les meir under biletet)

To kajakkar dratt opp på Overåsanden, monumentet i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteOveråsanden er ein av dei flottaste strendene på Sunnmøre. Erlend Friestad

Sjølvsagt vil avstand til Hareid sentrum påverke tidsbruk, men Hareid kommune er ein komprimert ­kommune med berre 10 minutt frå alle ytterkantar og inn til sentrum.

Det er heller ikkje langt til andre sentrum frå Hareid. Ulstein sentrum er 15 ­minutt unna, Ålesund 25 med hurtigbåt, Moa 40 med ferje og bil, Fosnavåg 40 og Volda og Ørsta 45. Heilt overkomeleg tidsbruk til ­kvardags, og ikkje meir enn det mange Oslo-folk brukar for å kome seg til og frå jobb.

Resten av Noreg, og verda, er heller ikkje langt unna. Frå ­Hareid sentrum er det under timen frå dør til gaten både på Ålesund lufthamn og Ørsta-Volda lufthamn.

Fjellvandrarar på veg ned på Sneldelia - Klikk for stort bileteLikar du å gå tur ute, er det enormt med moglegheiter på Hareidlandet, både oppover og bortover - her frå Sneldelia, med Sunnmørsalpane i bakgrunnen. Erlend Friestad