Disiplinærsaker

Disiplinærsaker

Disiplinærsak vert oppretta som eiga sak i arkivdel DISI med tilgangskode PB (personal begrensa) og ad-hoc tilgangsgrupper for kvar sak (svært avgrensa)

Definisjonen på ei disiplinærsak kan vere:
Tjuveri, underslag, AKAN-saker, illojalitet mot arbeidsplassen og mobbing/trakassering av medarbeidar/tilsett. Men også andre saker kan ligge her. Disiplinærsaker kan føre til varsling, suspensjon eller oppseiing.

Disiplinærsaker vert ikkje overført til ny leiar ved byte av tenestestad i motsetning til personalmapper.

Tittel: Disiplinærsak
Tittel2: Fornamn Etternamn
Arkivdel: DISI - disiplinærsak
Sakstype: PERB - personal begrensa
Klassering: SSA 05-personalforvaltning
Tilgangskode: PB-3

Innhald i arkivdel
  • AKAN-saker
  • Åtvaring
  • Varsling
  • Bekymringsmelding
  • Referat frå møte/samtale
  • Melding til politi
  • Førehandsvarsling
  • Drøftingsmøte
  • Avskjed/suspensjon
  • Oppseiing
  • Korrespondanse med rettsinstans/advokat
  • Korrespondanse med arbeidstakarorganisasjonane
  • Innkjøpsprotokoll og oppdragsbekrefting (Advokat etc.)
  • Med meir
Tilgang til arkivdel

To på arkiv har tilgang til arkivdelen og kan opprette disiplinærsaker.
Tilgangstyrt slik at personalleiar har tilgang til alle. Ellers er det berre den leiaren som har fått oppretta ei disiplinærsak på ein av sine tilsette som har tilgang.

Personopplysningar i arkivdel og behandling av dei
Klassifikasjon: Sensitiv
Lovhjemmel: PB - Off.lova §13 jf forv.lova §13
Tilgjengelegheit: Dei som har behov for informasjon om barnet for å utføre jobben sin, skal ha tilgang til barnehagemappa
Integritet: Personalmappene, om den er oppbevart på papir eller elektronisk, skal vere sikra mot at uvedkommande skal kunne lese, gjer endringar eller slette delar eller heile dokumentet.
I det elektroniske systemet skal det ikkje vere muleg å fysisk slette eit dokument som er journalført.
Integriteten vert teken i vare ved å avgrense tilgang til papirarkivet som vert oppbevart i eige arkivrom og i arkivsystemet vert det oppretta tilgang etter gjeldande rutine for tilgangsstyring.
Konfidensialitet: Tilsette skal lese gjennom, forstå og signere teieplikt skjema og for dei som nyttar elektroniske hjelpemiddel også sikkerheitsinstruks brukar.
Behandling Kommunen sin behandlingsprotokoll vil sei noko om personsensitiv informasjon som vert gjort i systemet.