Her er superfinalistane til Bokslukerprisen 2027!

Her er superfinalistane til Bokslukerprisen 2027!

Over 120 000 elevar på mellomtrinnet over heile landet har lese og stemt fram sine fem superfinalistar.  

Bokcovera på dei fem superfinalistane. - Klikk for stort bilete Stiftelsen Lese

Unge lesarar på 5., 6. og 7. trinn har i løpet av hausten lese utdrag frå ti norske bøker for aldersgruppa 10-12 år. Dei har diskutert og stemt fram kva fem bøker dei meiner skal bli superfinalistane i Bokslukerprisen. Dei nominerte er:

Udyr 2 – Ingen steder å gjemme seg av Ingvild Bjerkeland, Cappelen Damm 2025

Slåssfjell – Infernum av Kristian Mehlum Lie, Illustrert av Jonny Andvik, Lønn Forlag 2025

Minnetyven av Stian Hafstad, Aschehoug 2025

Skyggene i skolegården av A.Audhild Solberg, Aschehoug 2025

Blodøks – Sagaen om Gunnhild Kongemor av Alseksander K. Brown og Andeas K. Iversen, Cappelen Damm 2026

No skal juryklasser frå ulike regionar i gang med å lese bøkene og deretter stemme fram ei vinnarbok. Bokslukerprisen delast ut i Oslo 21. april 2027.

https://stiftelsenlese.no/