Ingen sommar utan Sommarles!

Ingen sommar utan Sommarles!

1. juni gjekk startskotet for den største lesekampanjen i landet. Vi håpar at alle føresette ser verdien av at borna på Hareid les også når det er skulefri og hjelper borna sine med å registrere ein brukar i kampanjen, slik at dei får ein ekstra motivasjon til å lese i sommar, seier dei tilsette på Hareid folkebibliotek.

Sommarles varar frå 1. juni - 31. august og er for dei borna som skal byrje i 1. klasse til hausten til dei som går ut av 7. klasse i år.

Hareid kommune har vore med sidan starten i 2006 og det betyr at i heile 17 år har born i Hareid kunna gleda seg over Sommarles kvar sommar.

Det er ikkje få bøker som har blitt lese eller premiar som har blitt delt ut gjennom desse åra her på Hareid.  I fjor vart det lese over 3000 bøker gjennom sommaren og borna strøyma til biblioteket for å hente premiar etter kvart som dei fekk fleire lesepoeng.  

Føresette må hjelpe sine born med å lage ein brukar inne på Sommarles.no. Har de vore med før og hugsar brukarnamn og passord, kan de bruke same konto som i fjor. 

Alt borna les sjølve, høyrer av lydbøker eller bøker som vert lese til dei må registrerast inne på Sommarles.no. Dette gjerast på ein enkel måte og borna har god oversikt over poeng og får her beskjed om når dei kan hente premiar på biblioteket. På denne sida finn borna elles masser av spanande aktivitetar og dei ser også kva bøker som andre born i landet les. 

Du finn elles alt du treng å vite om Sommarles inne på Alt om Sommarles. Her er også informasjon på fleire språk.

Lykke til og god lesesommar til både små og store.