Lånekort, lånereglar og erstatningssatsar

Lånekort, lånereglar og erstatningssatsar

Lånekort får du på biblioteket eller du kan opprette det sjølv digitalt. Opprettar du det digitalt får du automatisk det nasjonale lånekortet, BIBLIOTEKKORTET. Med dette kortet får du tilgang til alle biblioteket sine gratis, digitale tenester, du kan låne ved alle folkebibliotek i landet og du kan sjølv bestille litteratur og få det gratis tilsendt til Hareid folkebibliotek. Du vil få hentemelding på sms når det du har bestilt er klart til å hentast. 

Du kan laste ned skjema for lånekort. Lånekort til lånarar under 15 år (PDF, 125 kB). Lånekort til lånarar over 15 år (PDF, 109 kB).

Alle som er busett i Noreg har rett til å få lånekort, og kortet er gratis for nye lånarar. Personar over 15 år må vise gyldig legitimasjon med bilete og personnummer. Barn under 15 år må ha med underskrift frå en av sine føresette.

  • Ta alltid med lånekortet når du kjem for å låne. Du lånar sjølv i dei to automatane i biblioteket med lånekortet ditt.
  • Lånekortet er personleg og må ikkje lånast bort til andre
  • Lånekortet sin eigar er ansvarleg for det som lånast på kortet. Føresette er ansvarlege for det barn lånar.
  • Føresette har ansvar for å vegleide barna slik at dei lærer å overhalde lånefristane og behandle biblioteket sitt materiale fint.
  • Alle nye lånarar må sette seg inn i lånereglane.

Nasjonalt lånekort
er eit lånekort som gjer at du kan låne i alle bibliotek i Noreg. Dersom du allereie har dette lånekortet (frå eit anna bibliotek) og ønskjer å bruke det her hos oss, må du vise kortet og legitimasjon i skranken slik at vi kan registrere deg her på biblioteket. 

Om du er over 13 år kan du kan opprette digitalt Nasjonalt lånekort.  Ein må ha MinID for å opprette digitalt Nasjonalt lånekort.

Mista/tapt kort
Det er gratis å få lånekort første gong, men dersom du mistar kortet må du betale 10,- for å få nytt kort. Gi beskjed til biblioteket om du mistar eller lånekortet blir stole. Biblioteket vil sperre det for å unngå misbruk inntil du får ordna med nytt kort.

LÅNEREGLAR:

Alle som har fast adresse i Noreg kan få lånekort.

Hugs å ta med legitimasjon. Barn under 15 år må ha underskrift frå føresette. Hugs å ta med lånekortet kvar gong du skal låne. Meld frå om flytting eller tap av lånekort.

Kor lang er lånetida?
Lånetida for bøker, tidsskrift, lydbøker, filmar og språkkurs er 4 veker. Lån kan fornyast, dersom ingen andre står å venteliste. Fornying kan du gjere sjølv ved å logge deg inn på biblioteket si heimeside, i utlånsautomatane på biblioteket eller ved å kontakte biblioteket. 

Kostar det noko å låne?
Det er gratis å låne, men det kostar å ikkje levere tilbake. Etter 3 purringar får du eit erstatningskrav i posten kor vi ber deg erstatte ikkje innlevert materiale.

Avgrensingar?
Det er ingen grenser for kor mykje du kan låne. Born under 11 år må ha med seg ein vaksen for å låne film.

Kva med bøker som biblioteket ikkje har?
Bøker som er lånt ut kan reserverast. Bøker vi ikkje har, kan lånast frå andre bibliotek. Gå til "Fjernlån og Norgeslån" for å sjå korleis du gjer det.

Kva forpliktar eg meg til?
Å ta vare på lånt materiell, å melde frå om feil og sikre sirkulasjon ved å levere tilbake innan lånefristen.

Erstatning av tapt/skada materiell
Etter 3. purrebrev får du krav om erstatning for det du ikkje har levert tilbake. Du kan også erstatte tapt materiale ved å betale inn til biblioteket sin Vippskonto og velje Erstatningskrav i menyen. VIPPS 617596.

Erstatningssatsar for tapt/skada utlånsmateriell:

 

 

Skjønnlitteratur

Born                     200,-

Ungdom/Vaksne   350,-

 

Faglitteratur

Born                    200,-

Ungdom/Vaksne   400,-

 

Lydbøker

Born                    200,-

Ungdom/Vaksne   300,-

 

Filmar                 200,-

 

Pocketseriar        100,-

 

Språkkurs           Erstatningssats vurderast for det enkelte språkkurs.

 

Lokalsamling      Erstatningssats vurderast etter tilgong og verdi.

 

Tidsskrift             50,-