Ha lånekortet på mobilen din
Du treng ikkje å ha med eit fysisk lånekort dersom du har lagra det på mobilen. Då brukar du mobilen når du skal låne i utlånsautomatane.
Med MinID loggar du deg inn eller opprettar ein ny brukar på Bibliotekkortet.no. Då finn du ein strekkode som du brukar i utlånsautomatane våre. NB! Er du ny brukar må vi fyrst registrere strekkoden i biblioteket før den kan nyttast.
Andre fordelar med Bibliotekkortet er at du få tilgang til alle biblioteket sine gratis digitale tenester, du kan låne ved alle folkebibliotek i landet og du kan sitte heime og bestille bøker som vi ikkje har i samlinga på Hareid.
Har du ikkje MinID, kan du få lånekortet ditt på mobil her:
- Gå inn på biblioteket sin webapp.
- Gå på «Meg & Mitt» og logg inn med brukarnamn (lånenummer eller registrert e-postadresse) og din 4-sifra pinkode (trykk «Gløymt pinkode» eller kontakt biblioteket dersom du ikkje har pinkoden ). OBS! E-postadressa di må vere registrert på biblioteket dersom du skal få koden tilsendt automatisk.
- Når du trykker på «Lånekort», får du opp lånekortnummeret og strekkode som kan erstatte fysisk lånekort. Dette kan du legge til på startskjermen på telefonen din.
- Får du problem, ta kontakt med oss på biblioteket!
Publisert av Anne Vasstrand
Sist endra 04.04.2025 14:43