Lux og Lano
Lux og Lano
Årets Stemnefest vil behalde det tradisjonelle, men også framstå i ny drakt med mange spanande aktørar. Dei lystige damene i Lux og Lano skal vere programleiarar, og vil gi publikum ei god dose glede, humor og god underhaldning utover kvelden.
Bli bedre kjent med dei tre svært ulike og frodige karakterane:
Hill Martha er bygdas fargerike solstråle. Ei frisinna, alternativ dame som alltid er blid og positiv. Glødande opptatt av fellesskapet. Ser ikkje problem, berre moglegheiter.
Gerda er ei lita frostige grå mus i overgangsalderen. Evig pessimist, einspora og redd for alle slags sjukdomar. Negativ innstilling til det aller meste her i livet.
Ruth-Alice er ei kruttønne av dei sjeldne. Null filter og null sjølvinnsikt. Lidenskapeleg opptatt av seg sjølv, glitter og glam. Ikkje skarpaste kniven i skuffa, men meget skarp i replikken.
Gled dokke - her kan alt skje!