Barnefestival - sceneshow med konfransier Beate Blindheim Kvalsvik

Barnefestival - sceneshow med konfransier Beate Blindheim Kvalsvik

Bilde av Beate B.Kvalsvik

 

 

 

Seinsommarfest sin BARNEFESTIVAL skal ha eit forrykande sceneshow 9.august kl. 15.00.


 

I år skal den syngande konfransieren Beate Blindheim Kvalsvik vere med ilag med Cloe Chantal som også elskar å synge. Vi kan love god steming og mykje moro!

Beate skal leie oss gjennom showet og underhalde sjølv, og ilag med andre aktørar. Kanskje får du også bli med å synge litt?

Barnefestivalsongen skal sjølvsagt framførast på scena, og det blir fleire innslag ved Hareid musikk- og kulturskule

Vi får besøk av fleire maskotar, Bjørnis kjem sjølvsagt og kanskje blir det fleire?

Sjølvsagt må det vere klovnar på Barnefestival, og Klovnen Fix blir med på scena. Mykje å gle seg til, og dette vil du ikkje gå glipp av!

Beate skal leie oss gjennom showet og underhalde sjølv, og ilag med andre aktørar. Kanskje får du også bli med å synge litt?


Beate starta si musikalske reise på musikklinja ved Fagerlia videregående skole i Ålesund og har vidareutdanna seg ved Bårdar Akademiet, Høyskolen i Bergen og CVI i København. I Bergen song ho i vokalgruppa TAUS som samarbeida med artistar som Karoline Krüger, Helge Jordal og Robert Post, og produserte babyteateret Tøysete Teselskap saman med Den Nationale Scene.

For tida er ho songlærar i Sykkylven kulturskule, dirigent for blandakoret Von dess, fast songar i forkant av heimekampane til AafkForuna og solist ved ulike store og små anledningar. Ved juletider har konserten En annerledes julekonsert, saman med Oddgeir Bruaset og fleire andre musikarar, blitt ein tradisjon.

No ser ho fram til å showe for, og med oss, på Hareid barnefestival!


 

Ditte blir kjekt!🤩🤩🤩