Broad Line

Broad Line

Turneplakat - Klikk for stort bilete Broad Line

Broad Line er eit av banda som skal vere med på Trippelkonsert på Seinsommarfest 12.08.2023. Berre å gle seg!

Broad Line starta opp si musikalske reise I 1978 med ein gjeng smågutar. Med heimelaga lys og stort pågangsmot. Broad Line vart etter kvart eit svært renommert band som har gleda folk i 40 år.

Utgangspunktet er då som no. Lidenskap for musikken , speleglede og gi dansefoten eit rykk når publikum skal motiverast fram på golvet.

Broad Line spelar autentisk og så likt originalmaterialet frå 80-talet som mogeleg. Broad Line skaper stemning og får publikum til å være med på leiken. Med lang erfaring blir det show, allsong og magiske musikalske opplevingar.

80-musikken er for Broad Line stemningsskapande og tidlaus.

Her syng alle med !

Her kan du kjøpe billettar.