Sveinning Veiseth tek med seg dei to andre sunnmøringane i DIVE til Stemnefesten! Vi gler oss til å treffe dei!
DIVE er eit alternativt poprock-band med røter frå Vestlandet og base i Oslo – klare for å erobre nye scener med sitt gripande lydbilde og ektefølte uttrykk.
Med store, fengjande melodiar, ærlege tekster og ein tilstedeværelse som verkeleg treff, har DIVE alt gjort seg bemerka med listing på blant anna NRK P3 og P1.
I mars 2025 begeistra dei publikum under ein vestlandsturné, og no står resten av landet for tur. Musikken deira minne om storheiter som Keane, The 1975 og The Killers, men med ein særeigen nerve og energi som gjer DIVE til noko heilt eige.
Dette er eit band med driv, svolt og ekte speleglede – alltid på jakt etter nye muligheter til å bringe musikken ut frå studio og opp på scena, der den verkeleg blomstrar.