På årets Hareidsstemne får vi besøk av Halvor Viste Berg, Ulsteinvikaren som har gjort seg bemerka både som gründer og som ein sentral profil i det norske supporterfellesskapet. Han har også sterke røter i lokalt idrettsliv, mellom anna gjennom Hødd og Hasundgot.
På Hareidsstemna vil Halvor ha samhald og fellesskap som hovudtema. Med erfaring frå både næringsliv, idrett, supporterfellesskap og kristent engasjement vil han dele tankar om kva som skjer når menneske finn saman, ser kvarandre og står saman – på tvers av ulikskapar.
Vi ser fram til eit engasjerande og personleg møte med ein sunnmøring som brenn for fellesskap – og for krafta som ligg i å stå saman.