Hit Station til Seinsommarfest 2026!

Hit Station til Seinsommarfest 2026!

Hit station Hit station

 

Med eit namn som like gjerne kunne vore din favoritt radiokanal, har Hit Station bestemt seg for å gi nettopp deg det du vil høyre, og spele dine favorittlåtar - samt også nokre låtar du ikkje visste at du digga. 

Hit Station med Morten Fredheim i spissen (kjent frå bl.a The Voice, og med den amerikanske Grammy-vinnande artisten Paul Nelson) har gjort hundrevis av liveopptredenar med overveldande respons i heile landet med sitt forrykande og energiske partyshow sidan 2012. Hit Station vil garantert få opp stemninga med masse energi, svulstige balladar med høg allsongfaktor og ei utømeleg dose speleglede. I tillegg eit imponerande lys, røyk- og lasershow.

Hit Station spelar dei kulaste hits frå 80-tallet og heilt fram til det som toppar hitlistene akkurat no. Aerosmith, Def Leppard, AC/DC, Bryan Adams, Coldplay, A-ha, Seal, Pink, Genesis, Tom Petty, Swedish House Mafia, The Killers, Eminem, Owl City, Van Halen, Bon Jovi, One Republic, Taylor Swift, Katy Perry, Robyn, Maroon 5 og mange fleire. 

Hit Station er: Morten Fredheim, vokal/gitar Rune Gandrud, bass/vokal Sturla Nøstvik, trommer 

Hit Station garanterer at de vil få ein fantastisk kveld!