KNEKT
Ungdommeleg råskap og ungdommeleg dumskap. KNEKT er rock’n’roll på ekte vis. Denne gjengen med sjarmtroll tok Seinsommerfest med storm både i 2023 & 2024. Til tross for at 2024 vart ei våt affære, med tanke på regnver, leverte KNEKT ei framføring som sjølv ikkje vergudene kunne sette ein stoppar for.
Med ruvande gitarar, dunkande rytmer og ein flerrande vokal skapar dei ei musikalsk fontene som du vil lengte etter å dyppe deg i. KNEKT er komt for å fylle ditt musikalske tomrom og tenne gløden i deg.
Med råskapen fanga på tape med debutalbumet “Livsnyter/Livshater” og EP-en «Dere som lever» i ryggsekken er bandet klar for eit enda mektigare show i 2026.