Olaug Vervik Bollestad er årets festtalar på Stemnefesten

Olaug Vervik Bollestad er årets festtalar på Stemnefesten

Olaug Vervik Bollestad Olaug V. Bollestad

Olaug Vervik Bollestad er gift, har 4 vaksne barn og snart 3 barnebarn, der to bur i Ulsteinvik saman med mor som er døtra til Olaug, og far som kjem frå Ulsteinvik. 

Ho er utdanna intensivsjukepleiar, pluss Økonomi og adm. , og har jobba på sjukehus i mange år, for det meste i akuttmedisinsk. Har vore leier både i akuttmottak og bygd opp PCI delen ved Stavanger universitetssjukehus.

I 2003 kom ho inn i politikken med eit brak og vart ordførar i 2007 og kom på Stortinget i 2013.

Ho har hatt mange verv, i kommunestyret, fylkestinget og stortinget, og var statsråd frå 2019-2021.

Sjølv fortel ho at ho er ei vanlig dame som engasjerer seg i lokalmiljøet, og det var også grunnen til hennar politiske engasjement.