Stemnekunstnar Ingvill Moldskred Staalesen

Stemnekunstnar Ingvill Moldskred Staalesen

I.M. Staalesen

Årets stemnekunstnar er Ingvill Moldskred Staalesen.

Ho fortel at: 

 Eg er opphavleg frå Hareid, men har budd i Ulsteinvik dei siste 22 åra. Kunst, form og fargar har alltid vore ein raud tråd i livet mitt – både i arbeidet som frisør og sminkør, i oppgåver knytte til form og design av bygg, og ikkje minst i biletkunsten, som eg har drive aktivt med dei siste ti åra.

Eg målar mest med akrylfargar på bomulls- eller lin lerret og brukar gjerne tekstur for å skape liv i bileta. Eg arbeider både på store og små lerret, alt etter kva uttrykk eg ønskjer å få fram. Sterke fargar går ofte att i arbeidet mitt – dei tilfører energi, og gjennom dei ønskjer eg å formidle glede, håp og kjærleik. Når eg har funne den rette balansen mellom lys og mørke i fargane, kjenner eg at biletet er ferdig.

Til Hareidsstemna har eg levert eit måleri inspirert av stemninga på sjølve stemnet – musikk, mangfald, glade menneske og fellesskap. Eg håper publikum får ei god kjensle av å sjå biletet, og at det kan gi positiv energi.

For meg er det spesielt å få vere ein del av Hareidsstemna med biletkunsten min – ein arena der energi, skaparglede og tradisjon møtest.