Sunnmøre Baarelag
Sunnmøre Baarelag
9. august kjem dei til Hareid for å bli med på Trippelkonserten. Berre å gle seg!
Sunnmøre Baarelag, av mange rekna som pionerane innan Sunnmørsrock, er i år inne i sitt 45. år som aktivt band! Mange var skeptiske til dette nye bandet i 1980 som spelte rock og song på klingande sunnmørsk dialekt. Gjennombrotet kom etter lanseringa av singelen 'Blide Mannj' i 1983 og det tok skikkeleg av etter lanseringa av plata 'Kjekke Kara' i -86. Sidan har bandet gitt ut fleire plater, fått ei rekkje prisar, m.a. kulturpris (2021)
og medverka i ulike filmprosjekt.
Les meir på: https://www.baarelaget.no/
Baarelaget har i årevis vore inspirasjonskjelde for mange band i ulike sjangerar, og i dag er det heilt naturleg å synge på si eiga dialekt.
På Seinsommarfesten Hareid 9. august, får du oppleve eit Baarelag som er spenna klar for å gi full gass og presentere både gamle 'slægers' frå ei imponerande karriere og muligens også låtar frå utgivelsane som du ikkje hadde venta å høyre. Velkomen til fest!🤩✨🤩
Sunnmøre Baarelag i 2025 er:
Kyrre Grimstad, song og gitar
Kjell Rune Klubbenes, gitar og song
Arne Moe, bass og song
Frode Sundnes, trommer
Totto Nilsen, munnspel
Bottolf Lødemel, tangentar
Christoffer Jensen, kor
Maria Hovdenakk, kor