The Feelgood Horns til Stemnefesten under Hareidsstemna 2026

The Feelgood Horns til Stemnefesten under Hareidsstemna 2026

Feelgood Horns Henrik Fjelberg

 

 

 

 

 

 

 

 

Pål Andre Grimstad Worren, Niklas Joelsen og Daniel Deltchev saman utgjer blåserekka i The Feelgood Orchestra, og heiter høveleg nok The Feelgood Horns. Saman spelar dei jamnleg på dei store scenene saman med dei store artistane - ofte for den lukka bedriftsmarkaden, iblant på scener som er åpne for alle. Dei siste åra har dei vore fast inventar på Storfjord kulturhus på Stranda i romjula, og berre dei siste månadane har dei stått på scena saman med artistar som Ramon, Synne Vo, Ruben, Espen Lind, Vinni og Atle Pettersen for å nemne nokon. No er dei klare for å ta med seg litt figurativ dynamitt til Hareidsstemna og vise korleis hareidsdølingar i eksil kan høyrest ut i fullt frislepp.