På denne tomta kan du få 30 minutt ekstra kvar dag. Kva vil du bruke dei på?

På denne tomta kan du få 30 minutt ekstra kvar dag. Kva vil du bruke dei på?

Trene? 
Sjå film? 
Pusse opp? 
Gå på fjellet? 
Vere med vennar? 
Få unna husarbeidet? 
Lage skikeleg middag? 
Kvalitetstid med familien? 
Sove lenger om morgonen? 

Dronebilete frå feltet som viser utsikt nordover. - Klikk for stort bileteDet er god utsikt frå heile bustadfeltet. Erlend Friestad

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Send e-post til Johannes Alme om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Har du funne ut kva tomt du vil ha, kan du melde det inn via dette skjemaet.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.

Hareid kommune er #5minuttsbygda. Her er det kort avstand til alt du treng i kvardagen. Er du heldig, kan du bruke så lite som 5 minutt til jobb. Det er ikkje uvanleg å ha mindre enn 15 minutt frå utgangsdøra til arbeidsplassen.

I Oslo-området eller i andre storbyar, er du heldig om du har 30 minutt frå dør-dør (i tillegg må du kanskje ein omveg for å levere i barnehage). 

Som innbyggar og arbeidstakar i Hareid kommune, vil du dermed kunne spare minst 2x15 minutt kvar einaste arbeidsdag, versus å bu i storbyen. 

Utsiktstomtane på Plassane ligg ein kort gå- eller sykkeltur frå Hareid sentrum. Interessert?

Interessefristen for tomtene er ute - det betyr at det er første mann til mølla!

LES OGSÅ: Les meir om bustadfeltet her