Barn i barnehagen?

Barn i barnehagen?

Vi er stolte av barnehagane våre! 

Bilete av barnehagebygget og uteområdet. - Klikk for stort bileteVi er i ferd med å bygge på Syverplassen for å gjere barnehagen endå betre for barn og tilsette. Erlend Friestad

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Send e-post til Johannes Alme om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Har du funne ut kva tomt du vil ha, kan du melde det inn via dette skjemaet.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.

Dei skårer svært høgt i undersøkingar. I innbyggarundersøkinga 2023 fekk dei kommunale barnehagane heile 5,5 poeng av 6 moglege. Også den private barnehagen, Norlandia Holstad, får gode tilbakemeldingar frå føresette. Dei fekk 4,5 av 5 i foreldreundersøkinga.

Barnehagetilbodet i Hareid kommune er godt. Vi har hovudopptak 1. mars, men løyser seg stort sett om du søkjer om plass utanom hovudopptaket også.

Det er tre barnehagar i kommunen, to kommunale og éin privat.

Den næraste barnehagen til Plassane byggefeltet, er Syverplassen barnehage. Det tek om lag 10 minutt å gå dit frå dei øvste tomtane. Dersom du er interessert i å flytte hit med barn, oppmodar vi deg også til å kontakte styrar Solveig Ertesvåg direkte på telefon 91 86 52 68. Ho svarer meir enn gjerne på spørsmål frå føresette som ønsker barna inn i Syverplassen. Barnehagen fekk nettopp oppgradert uteområdet sitt med masse nye leikeapparat.

Dersom du vil vite meir om dei andre barnehagane, kan du gå inn på lenkene under: