Plassane bustadfelt ligg få minutt med bil eller sykkel til Hareid sentrum.
Erlend Friestad
Visningstidspunkt
- Laurdag 22. november kl. 13:30
- Søndag 28. desember kl. 12:00 (påmelding)
Her får du møte prosjektleiaren, stille spørsmål og få oversikt over dei 37 einebustadtomtane og tre område for konsentrerte bustadar. Du får også sjå leikeplassane, ballbingen og gapahuken – alt klart til bruk! Vi fyrer opp i bålpanna og serverer pølser og varm drikke.
Den siste visninga har vi laga til for å nå aktuelle tilflyttarar som er heime på juleferie. Til denne visninga blir det påmelding.
Oppmøte ved riggplassen mellom Plassane 84 og 100. Alternativ parkering mellom Plassane 29 og 33, eller på Syverplassen barnehage.
Privatvisning?
- Feltet er ope for publikum – ta ein tur for «privatvisning» når det passar for deg.
- Ved Gapahuken øvst i feltet er det oversiktskart og informasjon om kvar enkelt tomt.
Salsstart og frist
- Salsstart: 24. november 2025
- Frist for å melde interesse: 5. januar 2026
- Tildeling: Ved loddtrekning dersom fleire ønskjer same tomt.
- Les her for meir informasjon
Kvifor velje Plassane?
Plassane bustadfelt ligg sentralt i Hareid kommune – i #5minuttsbygda. Her sparer du tid kvar dag, med moglegheit til kort veg til alt du treng i kvardagen – som jobb og fritidsaktivitetar.
LES OGSÅ: Derfor er Hareid #femminuttsbygda
Interessert? Start med visning! Ta med familien, sjå området og finn draumetomta di. Frå 24. november kan du sende søknad – men først: bli med og opplev Plassane!