Erlend Friestad
Vi arrangerer visning for å gi interesserte høve til å sjå tomtene saman med representantar frå kommunen. Målet er at du skal få eit godt grunnlag for å vurdere om dette kan vere rett stad for deg.
Om tomtene i Plassane
Plassane bustadfelt ligg sentralt i Hareid, med kort veg til sentrum, skule, barnehage og fritidstilbod. Her finn du 37 sjølvbyggartomter for einebustad, i tillegg til område for meir konsentrerte bustadar. Tomtene har gode solforhold og utsikt. På feltet er det allereie opparbeidd leikeplassar, gapahuk, tuftepark og ballbinge. Sjå klikkbart tomtekart nedst i artikkelen.
Tidspunkt
- laurdag 8. august klokka 16.00 (etter barnefestivalen)
Meld deg på – elles blir det ikkje visning
Du må melde deg på for å delta. Dersom ingen melder seg, blir visninga ikkje gjennomført.
Fristen for påmelding er dagen før.
Passar ikkje tidspunktet? Meld deg likevel på i skjemaet, så tek vi kontakt for å finne ei løysing.
For deg som vurderer å byggje
Visninga er for alle som er nysgjerrige på tomtene – enten du er førstegongskjøpar, vil flytte heim att, eller vurderer å etablere deg i Hareid.
Vi legg opp visningane i sommar for å nå deg som er heime på ferie.
Kva får du på visninga?
På visninga får du:
• sjå tomtene og området
• møte representantar frå kommunen
• stille spørsmål om tilrettelegging og moglegheiter
• betre grunnlag for å vurdere kjøp
Slik melder du deg på
Meld deg på via dette skjemaet.
Tomteoversikt
Interaktivt kart
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
B1
B2
B3
L
L
L
L
L
Vel eit punkt på kartet
Trykk på eit punkt for å vise informasjon.