Erlend Friestad
Millennium Cowork og Vekst i Hareid inviterer deg til Jobbmoglegheiter // Hareid. Her vil eit utval av bedriftene i Hareid få presentere seg og jobbmoglegheitene dei ser føre seg dei komande åra.
Kommunen vil stå på stand og gi deg mange gode grunnar til å kome til Hareid.
Og dersom du er nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Millennium Cowork kan du få ei omvising på bygget.
Program:
08:30: dørene opnar – enkel servering
09:00: programmet startar. Velkomst og bedriftspresentasjonar.
12:00: lunsj
13:00: speed dating med bedrifter. Her får du sjansen til å snakke på tomannshand med representantar frå bedriftene.
13:00: Hareid kommune og fleire bedrifter står på stand.
Næringslivet og kommunen stiller, og det håper vi du også gjer!
Påmelding i lenka: https://forms.office.com/e/4N3U5GkA9B
Sjå også eige arrangement om cowork-veka // Hareid.