Hareidselva - flott tursti og fiskemoglegheiter

Rotarystien går frå fjorden og fire kilometer oppover Hareidselva. Erlend Friestad/Hareid kommune  Langs Hareidselva kan du møte både oter, fosseskall og joggarar.

Hareidselva renn frå Grimstadvatnet til sjøen. Langs elva og vatnet er det gruslagt tursti. Frå fjorden til enden ved Kaldholen er det om lag 4 kilometer. Ein kan gå eller sykle heile turen, eller gjere eit innhopp fleire andre stader. Ved Røysetvegen er det laga ny parkeringsplass (sjå kart).

Her kan du lese meir om turen.

Det er Hareid Rotaryklubb som har opparbeida turstien. Dei står også bak gapahukene langs turstien. Her kan ein grille, brenne bål eller berre slappe av på ein benk.

Grimstadvatnet er eit naturreservat med rikt fugleliv. Her kan du lese meir om naturreservatet.

Fiskekort:

Ein kan fiske både laks og aure i elva. Om det er lov å fiske, er avhengig av vassføringa. Normalt vil elva bli opna for fiske i månadsskifte juni/juli. Fiskekort kan kjøpast på Cirkle K/Turistinformasjonen.