Hareid har svært gode moglegheiter for deg som likar fotturar. Frå dei korte avstikkarane til dagsturar på tvers av øya via fleire fjelltoppar - alle årstidane. 

Det er ikkje naudsynt å reise til Syden når ein har Overåsanden!

Høgreiste fjell, bårer som bryt, spanande historie og dei nydelegaste solnedgangane - det er Kvitneset oppsummert. 

  

Bade, padle, fiske eller gå på skeiser? Hjørungdalsvatnet kan nytast både sommar og vinter.  

 Langs Hareidselva kan du møte både oter, fosseskall og joggarar.

På Raudesanden blir vatnet raskt varmt, det er langgrunt og det er sand å leike med. 

Friområdet ved utløpet av Nesset er perfekt til dagsturar eller overnatting i telt. Her kan du grille, bade og leike deg i småbekkane.

 Holesanden er ein populær badestrand og utfartsstad, både sommar og vinter.