Fredag skal vi vise oss fram for cruise-gigantane

Nyleg var det generalprøve på programmet.

Cruise-gjestane skal avlsutte turen på Tusenårsplassen. Med på rundturen blir ordførar, tilsette i kommunen, lokale aktørar, reiselivsrepresentantar og guidar. Erlend Friestad

Fredag ettermiddag kjem det representantar for dei store cruise-gigantane til Hareid. Saman med dei vil det også vere internasjonale journalistar frå reiselivsmagasin. Besøket er ein del av den årlege visningsturen som Cruise Norway står for. Her har Hareid hamna i eksklusivt selskap med cruisedestinasjonar som Stavanger, Gudvangen, Flåm og Nordfjordeid.

Det er lagt opp til eit spanande program for å vise fram kva Hareid kan by på til cruise-turistar som kjem hit. Gjestane skal mellom anna få sjå Overåsanden, Hǫðr-Hjørungavaag Vikingsete, Ishavsmuseet, Kvitneset, Hareid kyrkje og Hareid sentrum.

For at alt skal «sitte» når besøket kjem, køyrte vi gjennom programmet førre veke.

- Dette blir eit svært viktig besøk for heile kommunen, og kan få positive ringverknadar for næringsliv, kulturliv og innbyggarane i Hareid. Vi gler oss og er veldig spente, men har også trua på at vi har noko å vise fram, seier ordførar Bernt Brandal som skal ta imot gjestane ved nasjonalmonumentet på Overåsanden saman med «vikinghøvding» Ole Frank Bakken.

Artikkelen held fram under biletet.

Bilete frå innsida av vikinghuset i Hjørungavåg. - Klikk for stort biletePå Hǫðr-Hjørungavaag Vikingsete, vil "høvding" Ole Frank Bakken møte gjestane i fullt vikingkostyme. Her øvar han på foredraget han skal halde. Melinda Skeide

Besøket er eit resultat av samarbeidet mellom lokale aktørar, Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Vekst i Hareid og Hareid kommune. Saman etablerte dei i fjor Hareid Cruisenettverk som målretta har arbeida for å gjere seg attraktive for cruise-næringa.

Hareid hamn har profilert seg som «Explorers Port»  og legg vekt på utforsking, landevinning og utferdstrong, gjennom mellom anna ishavshistoria, viking-arven.

- Programmet er godt og innhaldsrikt og treff på merkevaren som vi har forsøkt å bygge opp. Målet med turen er å vist at Hareid og produkta fortener ein plass i cruise-bransjen og at reiarlaga kjem tilbake og ønsker å konkret planlegge å leggje turar hit, seier Tom Anker Skrede, styreleiar i Hareid Cruisenettverk og reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

Artikkelen held fram under biletet.

Hareid kyrkje skal også få besøk av cruisegjestane. Her inspiserer mottakingskomiteen ein spesiell grav på kyrkjegarden. Erlend Friestad

Det ser ut til at vêret blir strålande, så no kryssar vi fingrane for at programmet fell i smak.

I fyrste omgang har vi eit mål om å få til eit prøveanløp. Går dette bra kan vi håpe på fleire ordinære anløp. Cruisebesøket skal også inspisere kai-anlegga vi har i kommunen. Desse har kapasitet til å ta imot skip på opptil om lag 200 meter. Målsettinga er 20-30 årlege anløp innan 2030.

Første møte med Hareid blir monumentet på Overåsanden. Her blir dei teke imot av ordførar Bernt Brandal og "vikinghøvding" Ole Frank Bakken. På biletet er Melinda Skeide, Aina Giskeødegård Balsnes, Bernt Brandal og Larysa Parkhomenko. Meldina Skeide

Vil du bu på sentral tomt med masse utsikt?

Snart kjem utsiktstomtene på Plassane for sal. Dette er sjølvbyggartomtar

Send e-post til Aina Giskeødegård Balsnes om du er interessert i ei av tomtene, eller informasjon om dei. 
Vi vil då halde deg oppdatert på salsprosessen, arbeidet med tomtane og anna relevant informasjon. Registreringa er ikkje forpliktande.

Sjå elles hareid.kommune.no/plassane for utfyllande informasjon.