Slik kan du påverke det som skjer i Hareid kommune

Slik kan du påverke det som skjer i Hareid kommune

Hareid kommune er til for innbyggarane. Då er det viktig at innbyggarane melder frå om sine behov og ønsker. Det kan gjerast både til administrasjonen og direkte til dei folkevalde.

Val 2023

Kvart fjerde år er det kommuneval i Hareid kommune. Då skal alle representantane i kommunestyret veljast på nytt. På denne sida får du informasjon om valet, kven som kan stille liste, kven som kan røyste, kvar du kan røyste og anna praktisk informasjon om valgjennomføringa.

 

Dei folkevalde

Her finn du kontaktinformasjon til dei enkelte folkevalde.

Ønsker du å møte dei, har partigruppene møte på rådhuset kvar måndag i forkant av kommunestyremøta. (Sjå meir i botn av denne artikkelen)

Du kan også invitere dei folkevalde til møte med lag og organisasjonar.

 

Folkevalde møte

Alle dei folkevalde møta er i hovudsak opne for publikum. Dei fleste politiske sakene skal innom minst eit utval før dei hamnar i kommunestyret. Ønsker du å påverke ei sak, er det smart å gjere det så tidleg som mogleg i prosessen. Her finn du oversikt over når kommunestyret og dei andre organa har møte, møteinnkallingar og protokollar. Kommunestyret og formannskapsmøta blir også sendt direkte på nett.

 

Open talarstol

I forkant av kvart kommunestyremøte er det open talarstol. Då kan alle som er innbyggarar i kommunen gå på talarstolen med meiningsytringar eller stille spørsmål til dei folkevalde eller administrasjonen. Alle spørsmål og innlegg må sendast til ordføraren i forkant. Det kan du gjere her.

Sjå reglementet som gjeld for kommunestyret for fleire detaljar (kapittel C 3.4) 

 

Forslagskasse til dei folkevalde

Alle som ønsker kan sende inn forslag til kommunestyrerepresentantane gjennom forslagskassen. Forslag blir fortløpande sendt vidare til dei folkevalde. I tillegg vil formannskapet éin gong kvart halvår ta opp alle forslaga i ei drøftingssak. Forslag kan du sende inn via denne lenka.

 

Innbyggarinitiativ

Får du med deg minst 2 prosent av innbyggarane i kommunen – for tida 103 personar –  kan du krevje at ei sak skal opp for kommunestyret. Det er sett visse vilkår for å kunne krevje dette. Her kan du opprette eit innbyggarinitiativ og lese meir om ordninga.

 

Høyringar

I forkant av større politiske saker, til dømes planer og budsjett, skal dokumenta ut på høyring til innbyggarane. På denne sida finn du ein oversikt over pågåande høyringar.

 

Administrasjon

Har du noko du vil ta opp med administrasjonen eller einingane kan du sende ein e-post til postmottak@hareid.kommune.no så blir han vidaresendt til rette vedkomande.

Veit du namnet på den du vil skrive til, kan du finne kontaktinformasjon her.

 

Politiske gruppemøte

Gruppemøte blir halde mandag før kommunestyremøtet på rådhuset.
Her er oversikt over roma partia/gruppene oppheld seg på:

  • Kommunestyresalen: Folkelista
  • «Hjørungavåg»*: Venstre
  • «Raffelneset»*: Ap
  • «Kvitneset»*: Høgre
  • Formannskapsrommet: INP
  • Kantina: Frp

* I nordre del / den som vender mot Åsendalen. Nytt sidedøra og gå opp trappa. Eventuelt hovuddøra og døra på bakveggen av kommunestyresalen (men denne er stengt alle andre tidspunkt enn akkurat under desse møta).

Møta er normalt opne for publikum og dørene er opne frå klokka 19.15 - 19.45.